Kveldscruise med MS Holly

Sogndal - Årøy - Sogndal

Bli med på kveldscruise på den idylliske Barsnesfjorden. Me seglar frå Sogndal til Årøyelva, ei av dei mest kjente lakseelvene i Noreg.
På dette cruiset får du oppleve fjorden i den vakre kveldssola, som gir både fjord og himmel fantastiske fargar.

Generell informasjon:

Varigheit: 60 min
Prisar 2024:
Barn 0 - 4 år: Gratis
Barn 5 - 14 år: Kr. 149,-
Vaksen 15 år +: Kr. 298,-

MS Sogndal

Sesong 2024: 1. juni - 31. august

DEN MYSTISKE ÅRØYELVA
Sidan 1840-talet har det vore sportsfiske etter laks i Årøyelva. I lange periodar har fiskeretten vore leigd vekk til pengesterke og eksentriske utlendingar. Det har gjort at det kviler noko mystisk rundt fisket etter laks i denne korte, men strie elva.

Den lakseførande delen av Årøyelva er berre 1500 meter. På 300 meter av strekninga er elva så strid at fiske er umogleg. Ei vassføring på 130 til 140 kubikkmeter i sekundet er ikkje uvanleg i Årøyelva, som i stor grad får vatnet sitt frå Jostedalsbreen.

Øvste fiskbare delen er på 900 meter med ei stri elv. Her blir det fiska frå elvebreidden og frå Årøyelva sine legendariske bruer ut i elva. I den nedre delen på rundt 300 meter er fisket påverka av flo og fjøre. Her renn elva stillare, og du kan fiska frå land og  bruer, du kan vada eller fiska frå båt.

For å koma seg opp til gyteplassane har Årøy-laksen utvikla seg til å bli som elva - kort og kraftig. Den gyter også forholdsvis tidleg i sesongen. 

Dessutan er laksen i Årøyelva kjend for å vera uvanleg stor. Dette skuldast at denne laksestammen ofte er opptil tre år lenger enn andre villaks-stammar i havet før han returnerer for å gyta. Det er få, truleg ingen, norske lakseelvar der det er fiska fleire laksar over 30 kilo enn i Årøyelva.

Årøyelva er regulert. Sognekraft sette i drift eit nytt kraftverk i 1983. Kraftverket produserer 90 MW, 337 GWh. Etter reguleringa var Sognekraft pålagd å setja ut 50 000 lakseyngel kvart år. I dag blir det i staden sett ut 5000 lusefora smolt årleg.

Det blir i dag fiska færre laksar enn tidlegare. Gjennomsnittsvekta har også gått ned, sjølv om det framleis er mykje stor laks som blir teken her. I dag blir det normalt fiska 800 til 1000 kilo laks i året. I snitt blir det fiska ca. ein laks pr. dag. Mellom 80 og 90 prosent av fangsten er catch and release – det bli seia at laksane blir sleppte ut igjen i.

90 prosent av laksen som blir teken i Årøyelva kjem frå klekkeriet i Årøy. Yngel frå denne elva har vore brukt som setjefisk i mange andre elvar, mellom dei Jølstra i Førde.

Det er familien Munthe som har hatt fiskeretten i Årøyvassdraget sidan 1746. I dag er det niande generasjon som driv garden og forvaltar elva – Nina og Knut Munthe Olsen. 

Like fram til 2012 vart Årøyelva leigd vekk på langtidskontraktar. Etter den tid vart konseptet lagt om. Stilen i Årøyelva er meir folkeleg enn tidlegare. No kan kven som helst leiga fiskeretten. I dag må du leiga med alt inkludert – førsteklasses innkvartering, guiding og mat med Knut Munthe Olsen som kokk. 

Det kostar om lag 70 000 kroner å leiga Årøyelva i døgnet og då er alt inkludert. Fleire kan sjølvsagt fiska samstundes dela på utgiftene. 

STORE LAKSAR 

Rekorden for fluefiske i Årøyelva er ein laks på 34,1 kilo som engelskmannen Wilfred Kennedy tok i 1895. Kennedy kom frå ein engelsk aristokratfamilie. Men han vart utstøytt av familien då han gifta seg med ein indisk sirkusartist. 

Kennedy slo seg ned i Bahus i Sogndal og døydde her. I Sogndal var han kjend for å starta fyrstikkfabrikken som låg på Foss – i Fossbygget til Høgskulen på Vestlandet.

Det blir hevda at russaren Nicolas Dennisof på 1900-talet landa ein laks på 38 kilo med reke som agn. Dette er ikkje lov å bruka reke som agn i norske lakseelvar i dag.

Sjå også vårt historiske Vikingcruise (dagtid)